Øvste Stegen Høgdagard

Høgdagarden i fjellsida der naturen, kulturen og tradisjonane møtast

Overnatting på Øvste Stegen

Me ynskjer å dele denne plassen med andre og tilbyr overnatting for grupper på 6–14 personar. Her kan du oppleva roen i fjellet, samstundes som vi tilbyr matservering og historiefortelling som gir eit innblikk i både garden og områdets historie.


Omgivelsar og aktivitetar

Her kan du vandra i fotspora til generasjonar før oss, utforska dei gamle bygningane og nyta storslått utsikt over Aurlandsfjorden. Gå tur til mektige Beitelen, oppdag våre stølar  eller berre nyt stillheita på tunet.

Kortreist mat

Når du kjem til Øvste Stegen, kan du sjå fram til å smake på mat laga med gode, lokale råvarer. Nokre gongar kjem det rett frå vår eigen hage, skog eller fjell – kortreist og ekte. Det gir ei heilt spesiell kjensle å kunne dele smakar som naturen gir.

Til Øvste Stegen kjem du sjøvegen – padlande frå Gudvangen, Flåm eller Undredal – så til fots opp Stegavegen, som Stegafolket har kalla stien, i stupbratt fjell med lite vegetasjon

Historia

Øvste Stegen Høgdagard har ei lang og rik historie som strekkjer seg over 250 år. Garden har vore i familien til Ottar i sju generasjonar, og me, Irene og Ottar, er dei som no har fått ansvaret for å ta vare på denne unike staden. Vi føler oss både stolte og heidra over å kunne vidareføre det som tidlegare generasjonar har bygd opp, og vi ser på det som vår oppgåve å ta vare på både naturen, bygningane og tradisjonane som Øvste Stegen representerar. Det er ikkje berre for oss sjølve, men også for komande generasjonar og samfunnet rundt oss.

Foreldra til Ottar, som var dei siste som budde fast på Øvste Stegen, flytta til Undredal rundt 1958, men dei heldt fram med å dyrke garden til 1978. Helt fram til 1972 hadde dei dyr på garden og levde på same måte som dei alltid hadde gjort. Dei frakta dyr frå Undredal til Øvste Stegen, dei slo gras, sette poteter og sådde grønsaker. I tillegg hadde dei rips, solbær og jordbær – alt dei trengte for å leva sjølvberga.


Garden ligg innafor Nærøyfjorden landskapsverneområde Vestnorsk Fjordlandskap og er innskriven på UNESCO si verdsarvlista.

Livet på høgdagarden

Me, Irene og Ottar, er vertskap på Øvste Stegen. Garden har vore i slekta vår i 250 år, og Ottar er 7. generasjon. Vi er både stolte og takksame for at akkurat vi fekk overta garden, ta vare på den og dele denne unike plassen med andre gjennom ulike arrangement.

Det er viktig for oss å bidra til å ta vare på historia og dei verdiane Øvste Stegen representerer. Me vil ikkje berre bevare garden for oss sjølve, men også for framtidige generasjonar og samfunnet.

Saman med oss har vi tre søner, svigerdøtrer og barnebarn. Jens Arve og Lien har sauer som beitar på garden frå tidleg vår til seint på hausten. Stein Magne, Tone og Selma, samt Ottar Andreas, er også ein del av laget.

© 2025 Øvste Stegen Høgdagard | Kontakt oss