Historia om Øvste Stegen Høgdagard
Øvste Stegen Høgdagard har ei lang og rik historie som strekkjer seg over 250 år.
Dei første spora etter busetnad me kjenner til er tiendelista frå 1612, men historikar meinar at det mest truleg var busetnad her frå før svartedauden. Dei siste som budde på garden flytta kring 1958, men dei holdt han ved like og fulldyrka han fram til 1978. Garden har vore i slekta frå 1776. I 2026 feirar me i 250 årsjubileum.
Garden har vore i familien til Ottar i sju generasjonar, og me, Irene og Ottar, er dei som no har fått ansvaret for å ta vare på denne unike staden. Vi føler oss både stolte og audmjuke over å kunne vidareføre det som tidlegare generasjonar har bygd opp, og vi ser på det som vår oppgåve å ta vare på både naturen, bygningane og tradisjonane som Øvste Stegen representerar. Det er ikkje berre for oss sjølve, men også for komande generasjonar og samfunnet rundt oss.
I dag er vi ikkje berre dei som held garden i live, men også dei som ynskjer å dele denne staden og historia med andre. Vi ser på det som vår oppgåve å ta vare på både naturen, bygningane og tradisjonane som Øvste Stegen representerer – ikkje berre for oss sjølve, men også for framtidige generasjonar.

Frå no til då...
Foreldra til Ottar, som var dei siste som budde fast på Øvste Stegen, flytta til Undredal rundt 1958, men dei heldt fram med å dyrke garden til 1978. Helt fram til 1972 hadde dei dyr på garden og levde på same måte som dei alltid hadde gjort. Dei frakta dyr frå Undredal til Øvste Stegen, dei slo gras, sette poteter og sådde grønsaker. I tillegg hadde dei rips, solbær og jordbær – alt dei trengte for å leva sjølvberga.
Frå 1972 og fram til 1978 var det ikkje fleire dyr på garden, men foreldra til Ottar budde her om sommaren for å slå gras og frakte høyet til Undredal. Høyet som ikkje kunne fraktast ned på sommaren, vart lagra i løa på garden, og om vinteren blei det gjort turar til Øvste Stegen for å hente det. Då var det ofte snø og is på stien, og folk måtte bruke broddar for å koma seg fram.
Kverna og arbeidet


Katten som fann vegen tilbake
Ein av dei mest kjende historia frå denne tida handlar om katten som budde på Øvste Stegen. Når dyra og folket flytta til Undredal, var katten sjølvsagt ikkje med på flyttelasset. Men katten hadde sin eigen plan og valde å gå tilbake til Øvste Stegen på eiga hand. Etter ein eller to dagar kom han tilbake til garden, og det var stor glede for både katt og folk – spesielt ungane, som hadde savna han. Men ein gong gjekk det galt. Ein jeger som var ute langs fjorden, såg katten og trur han var ein mink, og skaut han. Den sorgen det må ha ført med seg for dei som venta på katten er til å førestilla seg.
Kristen Stegen og kjærleikshistoria
Kristen kom tilbake til Øvste Stegen, men han kunne ikkje snakka. Han skreiv på ei fjøl at han hadde fått lovnad frå huldrene om å gifta seg med Anna, og at han ville få att målet sitt dersom han fekk gifta seg med ho. Foreldra forstod at han løy, og det vart aldri noko giftermål. Anna og Kristen fekk ein son, Jens, som blei kjend som Huldrekalven. Anna og Jens reiste til Amerika i 1856, då Jens var 13 år.


Bygging og restaurering
I 1895 bygde Jens og Anna Stegen eit nytt våningshus på garden. Huset vart bygd i sveitserstil, og tømmeret vart hogd i Nordheimsdalen og frakta opp Stegavegen til Øvste Stegen på akslar. Det tok fem år å byggja huset, og medan dei bygde, budde familien i eine enden av fjøsen. Den gamle stova som no er rivne, vart nytta til å byggja ut fjøsen.
Eldhuset, vart bygd i 1920-30 åra og blei seinare utvida med plass til eit aggregat som skulle gi straum til både våningshuset og fjøsen. Eldhuset vart restaurert i 2019, og det er no brukt som kjøken og serveringsrom for besøkande.
Låni på Øvste Stegen er frå tidleg 1800-tal, og det er kjent at den brann ned i 1748. Låni vart bygd opp att etter brannen, og det har blitt restaurert frå 2020-2023. I dag er fjøsen på 2. høgda laga om til serveringsrom, og i løa arbeidar me med å lage til eit lite museum med gammalt utstyr og gjenstandar som fortel historia om livet på garden.
Ringen er ikkje slutta...
Øvste Stegen Høgdagard er meir enn berre ein gard – det er ein levande del av historia. Me, Irene og Ottar, er stolte av å vere dei som fører denne tradisjonen vidare. Me held fram der forrige generasjon byrja, og vi ser fram til å dela denne unike plassen med deg. Gjennom overnatting, matservering, historieforteljing og våre arrangement vil me gjerne at fleire får ta del i historia og oppleva den spesielle stemninga på Øvste Stegen.
