Kortreist og lokalt

Når du kjem til Øvste Stegen, kan du sjå fram til å smake på mat laga med det beste frå naturen rundt oss. Kortreist og ekte, rett frå hagen og fjellet til bordet. Det er noko heilt spesielt med å kunne tilby mat som er dyrka, jakta og plukka her på Stegen.



Kjøkkenhagen

Eg, Irene, har alltid hatt ei stor glede av å dyrke maten sjølv, og på Øvste Stegen er det naturen som gir oss mykje av det vi treng. I kjøkkenhagen vår kan vi høste poteter, gulrøtter, nepe, salat, purre, reddik, sukkererter og mykje meir. Desse grønnsakene vert grunnlaget for mange av dei rettane vi serverer. Her får du ekte, kortreist mat, dyrka med kjærleik og respekt for jorda.

Kjøt og dyrehald

I tillegg til hagen vår har vi også sauer på garden, og tidlegare har vi hatt griser. Vi er også glade i jakt, og den rike naturen rundt oss gir oss tilgang på hjort. Kjøttet frå hjorten blir brukt i fleire av måltida våre, og det gir ein heilt spesiell smak som berre vilt kan gi.

Fjellets smakar

Fjellet og naturen rundt oss byr på ei rekkje gode bær – blåbær, multer og tyttebær – som eg gjerne bruker til syltetøy og til å smaksette ulike rettar. Det er ein glede å dele desse lokale smakane med dei som kjem på besøk til oss.