
Om Høgdagarden
Øvste Stegen Høgdagard ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, mellom Undredal og Beitelen. Garden er plassert på 350 meter over havet, som eit blikkfang midt i fjellsida, der Aurlandsfjorden møter Nærøyfjorden ved Beitelen.
For å koma til Øvste Stegen kjem du sjøvegen, ved å padle frå Gudvangen, Flåm eller Undredal. Derfrå går du til fots opp Stegavegen, som Stegafolket har kalla stien. Det er ein bratt fjellsti med lite vegetasjon. Frå Øvste Stegen kan du gå vidare opp til toppen av Beitelen. Du kan også koma til Øvste Stegen frå Undredal og Fure (Stalheim) over fjellet.
Garden ligg innanfor Nærøyfjorden landskapsverneområde, Vestnorsk Fjordlandskap, og er ein del av UNESCO sin verdsarv.
Familien på Stegen
Me, Irene og Ottar, er vertskap på Øvste Stegen. Garden har vore i slekta vår i 250 år, og Ottar er 7. generasjon. Me er både stolte og takksame for at akkurat vi fekk overta garden, ta vare på den og dele denne unike plassen med andre gjennom ulike arrangement.
Det er viktig for oss å bidra til å ta vare på historia og dei verdiane Øvste Stegen representerer. Vi vil ikkje berre bevare garden for oss sjølve, men også for framtidige generasjonar og samfunnet.
Saman med oss har vi tre søner, svigerdøtrer og barnebarn. Jens Arve og Lien har sauer som beitar på garden frå tidleg vår til seint på hausten. Stein Magne, Tone og Selma, samt Ottar Andreas, er også ein del av laget.


Kva tilbyr me?
Øvste Stegen Høgdagard er ein plass der du kan kome nær naturen og oppleva den unike fjordlandskapet. Me ynskjer å dele denne plassen med andre og tilbyr overnatting for grupper på 6–14 personar. Her kan du oppleva roen i fjellet, samstundes som vi tilbyr matservering og historiefortelling som gir eit innblikk i både garden og områdets historie.
For dei som vil slappe av og nyte naturen, tilbyr me også badestamp. Ringen er ikkje slutta – me held fram der forrige generasjon byrja, og ser fram til å dele denne spesielle staden med deg.
