Omgivelsar og aktivitetar

Her kan du vandra i fotspora til generasjonar før oss, utforska dei gamle bygningane og nyta storslått utsikt over Aurlandsfjorden. Gå tur til mektige Beitelen, oppdag våre stølar, eller berre nyt stillheita på tunet. 

Tur til Beitelen

Turen tar ca. 1t 

Middels tung tur  

Tur til Fristølen

30 min

Middels tung tur

Utforsk garden

Vandre fritt mellom dei gamle bygningane og kjenn historia i veggane. På Øvste Stegen er tunet og husa godt bevart, og du kan utforska våningshuset, eldhuset og Låni, som me har restaurert med omtanke. Møt den vesle saueflokken som beitar i kulturlandskapet. I låven finn du eit lite museum med gamle reiskapar – eit innblikk i det tidlegare livet på garden

Bad i stampen

Synk ned i den varme badestampen og nyt den spektakulære utsikta over Aurlandsfjorden. Her kan du slappa av, finne roen og berre la tida stå stille – ein perfekt avslutning på dagen på Øvste Stegen Høgdagard.