Konsert med Sigrid Moldestad

Lørdag 8.august kl. 18.00

Velkomen til ei konsertoppleving utanom det vanlege! Den 8. august inviterar me til ein heilt spesiell kveld når Sigrid Moldestad kjem med band til Øvste Stegen Høgdagard.Med fjorden og dei mektige fjella som naturleg bakteppe, ligg alt til rette for ei magisk oppleving. Den vakre og stemningsfulle musikken til Sigrid Moldestad, djupt forankra i norske folketonar, smeltar saman med landskapet og skapar ei ramme du seint vil gløyme.Billetten inkluderar:


Busstransport frå Langhuso til Undredal t/r
- Første buss/t kl. 12.00
- Siste buss/t kl.15.15
- Første buss/r kl.21.00
- Siste buss/r kl.22.30Båttransport med Fjordsafari frå Undredal til 

Stegalandet, bryggja der stien byrjar t/r
- Første båt/t kl.13.00
- Siste båt t/ kl.15.30
- Første båt/r kl.20.30
- Siste båt/r kl.22.00

Frå kaien ventar ein om lag éin times vandring opp til garden på Øvste Stegen – ein del av opplevinga i seg sjølv.

På Øvste Stegen vil det vera mogleg å kjøpe "Stegaburger"


Velkomen!

Våre sponsorar og samarbeidspartnera: 

Kjøp bilett her: