Vegen til Stegen

Øvste Stegen Høgdagard ligg på vestsida av Aurlandsfjorden mellom Undredal og Beitelen. Garden ligg på 350 moh. som eit blikkfang «midt» i fjellsida omtrent der Aurlandsfjorden møter Nærøyfjorden ved Beitelen. 

For å nå stien opp til Øvste Stegen må du kome langs Aurlandsfjorden med båt eller kajakk. Me tilbyr båtskyss frå Undredal ut til der stien startar, ei reise som i seg sjølv byr på ein vakker fjordoppleving mellom bratte fjellsider og urørd natur.


Kjem du med privat båt, må dette avtalast på forhand

Frå fjorden går turen vidare til fots opp den bratte stien, som slyngjer seg oppover fjellsida. Turen tek om lag ein time og går i variert terreng med spektakulær utsikt undervegs. Stien er godt merka og har nokre sikra parti, men krev at du er vant til å gå i ulendt terreng. Vel oppe på høgdagarden blir du belønna med storslått utsikt og ein heilt spesiell atmosfære – eit møte mellom historie, kultur og rå norsk natur.

Besøk oss

Kontakt oss

Øvste Stegen Høgdagard

(+47) 48 13 17 39

Irstegen25@gmail.com

Øvste Stegen Høgdagard